Eigenerklæring
Alle som skal klatre (og/eller bruke pumptrack'en) må lese nøye gjennom våre sikkerheitsreglar på førehand. Eigenerklæring skal signerast per gruppe/familie. Dette er obligatorisk under bookingprosessen på nett. Grupper kan laste ned skjema som dei fyller ut og tar med ved oppmøte, men det enklaste er å nytte skjemaet herunder for digital signering.
Alle som skal klatre må gjennom ei obligatorisk opplæring, der våre kvalifiserte instruktørar gjennomgår alt du må vite før du kan klatre trygt i parken. Opplæringa må gjennomførast minst ein gong per sesong. Du får utdelt klatresele og hjelm.
Sikkerheita i Hydlaparken er første prioritet, og klatreapparata blir kontrollert årleg og godkjent av Statens Jernbanetilsyn. All aktivitet i parken vert og kvalitetssikra gjennom våre rutinar og internkontroll.
​
​
Sikkerheitsreglar
​
- Det er forbode å nytte aktivitetar utan å ha gjennomgått sikkerheitsopplæring.
- Ver sikker på at du har forstått det som vert gått gjennom på sikkerheitsopplæringa.
- Ved bruk av pumptrack: Sjå skilt med sikkerheitsreglar før du set i gang. Hjelm er påbudt.
- Spør om noko er uklart.
​
DU HAR ANSVAR FOR DIN EIGEN OG DINE BARN SIN AKTIVITET OG SIKKERHEIT I KLATREPARKEN
​
- Personar under 18 år skal ha godkjenning av føresett/ansvarleg for å delta på aktivitetar.
- Barn under 6 år må ha følge av ein ansvarleg vaksen (over 18 år) i grøne løyper, og barn under 12 år må ha følge av ein ansvarleg vaksen (over 18 år) i blå og raude løyper.
- Ein vaksen kan rettleie inntil 4 barn om gongen.
​
Sikringsutstyr
​
- Klatreselen har tre spenner – ein på hoftebeltet og ein i kvar lårløkke.
- Selen skal til ei kvar tid sitte stramt.
- Dersom du tek av deg eller er usikker på om selen sit riktig, ta straks kontakt med ein instruktør for kontroll av selen.
- I klatrevegg skal du sjekkast og sikrast av instruktør før du klatrar.
- Hjelm er påbudt både ved klatring og bruk av pumptrack.
​
Aktivitetar
- Les oppslaget ved kvar aktivitet / hinder og sjekk at du er riktig sikra før du beveger deg ut i aktiviteten / hinderet.
- Løypene har alders- og høgdekrav – les på oppslaget før du klatrar.
Oransje løype: over 80 cm
Grøn løype: over 110 cm
Blå løype: over 140 cm
Raud løype: over 140 cm
- Beveg deg roleg og kontrollert gjennom aktivitetar og hinder.
- Det er kun lov med 1 person per Zip-line og tilbaketrekkshinder.
- Ikkje ta på Zip-linen når du er i bevegelse.
- Det er lov med 2 personar per hinder.
- Det er lov med inntil 3 personar på plattform mellom kvart hinder.
- Ved eventuelle feil eller manglar ved anlegget skal personalet straks kontaktast.
- Maksimal vekt for klatrarar: 120 kg.
- Minimum vekt for aktivitetar i klatrevegg og Hydlaspranget: 20 kg
- Personar med rygg- eller nakkeplagar bør ikkje klatre.
​
Adgang til aktivitetane er ikkje tillate for personar som er:
​
- Påverka av alkohol eller andre rusmiddel.
- Gravide.
- Utanfor høgde/vektkrav.
​
Adgang til aktivitetene er ikkje anbefalt for personar med:
​
- Hjerte-/ lunge problem.
- Rygg-/ nakke problem.
- Andre fysiske utfordringar
​
Eigenerklæringsskjema
​
- ved gjennomført booking på nett aksepterer ein innhaldet i dei to avkryssingsboksane nedanfor
- utfylling av skjema nedanfor vert brukt av besøkande som kjøper sin billett ved oppmøte i Hydlaparken (vi anbefaler å fylle ut skjemaet her i forkant av besøket)