Gruppeførespurnad
Er de ei gruppe som ønskjer å klatre? Send oss ein førespurnad via kontaktskjemaet nedanfor.
Oppgje om lag kor mange vaksne (over 18 år) og born (under 18 år) de er. Dersom de ikkje kjenner fordelinga enno, kan de oppgje samla antal i éin kategori (vaksne eller born) og spesifisere nærare i meldingsfeltet kva som gjeld for gruppa. Antalet treng ikkje vere heilt eksakt – eit estimat er tilstrekkeleg.
Vel den datoen i datoveljaren som høver best for besøket. Dersom de har fleire aktuelle datoar, kan de skrive dette i meldingsfeltet. I vidare dialog avklarer vi endeleg dato og tidspunkt. Det viktigaste er at vi har minst éin konkret dato å ta utgangspunkt i, slik at vi kan gi dykk eit så presist tilbod som mogleg.
Vi svarar dykk innan kort tid – og gler oss til å ønskje dykk velkomne til Hydlaparken Klatrepark i Stryn!
Vi gjer merksam på at når det gjeld deltaking for personar under 18 år, er hovudregelen at éin ansvarleg vaksen (over 18 år) skal ha ansvar for inntil fire deltakarar under 18 år. Den ansvarlege vaksne må vere aktivt deltakande og klatre saman med deltakarane i løypene. Gje oss beskjed dersom de ikkje har høve til å stille med tilstrekkeleg tal vaksne over 18 år, slik at vi kan ta omsyn til dette i utforminga av tilbodet.
Personell frå Hydlaparken har oppsyn frå bakken og er tilgjengelege dersom de har spørsmål. Det er kvar einskild sitt ansvar å gjennomføre og meistre den obligatoriske opplæringa, slik at ein kan ferdast trygt i klatreløypene på eiga hand. Klatreinstruktørar er alltid i nærleiken dersom det skulle vere behov for ekstra hjelp.
Ei gruppe i Hydlaparken er definert som 20 personar eller fleire som skal klatre. De er likevel velkomne til å ta kontakt dersom de er færre enn 20 deltakarar – så finn vi ei løysing basert på dykkar førespurnad.
Ofte stilte spørsmål
Under finn de svar på ofte stilte spørsmål. Klikk på pila (>) ved kvart spørsmål for å sjå utfyllande informasjon.
Er det mogleg å ha med eigen mat?
Ja, de er hjarteleg velkomne til å ta med eigen mat i Hydlaparken.
Vi ber om at de ryddar etter dykk og tek omsyn til andre gjester slik at alle får ei god oppleving.
Vi har ikkje innandørs sitjeplassar, men fleire utandørs sitjeområde – også under tak. Vi har også ein gapahuk som er open for alle å bruke.
Har de serveringstilbod?
I Seleutleigen har vi eit enkelt kiosktilbod med mellom anna mineralvatn, småis, slush, sjokolade og vaflar.
Vi har ikkje eit fast serveringstilbod, men tilbyr eit utval kioskvarer i Seleutleigen. Tilbodet kan variere gjennom sesongen.
Vi har ikkje innandørs sitjeplassar, men fleire utandørs sitjeområde – også under tak. Vi har også ein gapahuk som er open for alle å bruke.
Er det mogleg å grille?
Ja, etter avtale og på anvist plass. All bruk skjer på eige ansvar.
Grilling er i utgangspunktet ikkje tillate i Hydlaparken av omsyn til tryggleik og brannfare, men kan opnast for etter avtale. Ved grilling skal bålpanne leigast av oss. Den som gjer opp eld, skal sørgje for å ha tilstrekkeleg med sløkkemiddel tilgjengeleg og vise aktsemd for omgjevnadene.
Vi gjer merksam på at det er generelt bålforbod i perioden 15. april til 15. september. All bruk av eld må skje i samsvar med gjeldande lovverk, forskrifter og lokale forhold. Det er ikkje tillate å gjere opp eld utan samtykke.