Min side
Eigenerklæring

Alle som skal klatre må lese nøye gjennom våre sikkerheitsreglar på førehand. Eigenerklæring skal signerast av person over 18 år, og vedkomande kan signere for resten av gruppa/familien. Det er obligatorisk å signere eigenerklæringa.

Alle som skal klatre må gjennom ei obligatorisk opplæring, der våre kvalifiserte instruktørar gjennomgår alt du må vite før du kan klatre trygt i parken. Opplæringa må gjennomførast minst ein gong per sesong. Du får utdelt klatresele og hjelm.

Sikkerheita i Hydlaparken er første prioritet, og klatreapparata blir kontrollert årleg og godkjent av Statens Jernbanetilsyn. All aktivitet i parken vert og kvalitetssikra gjennom våre rutinar og internkontroll.

Sikkerheitsreglar:
- Det er forbode å nytte aktivitetar utan å ha gjennomgått sikkerheitsopplæring.
- Ver sikker på at du har forstått det som vert gått gjennom på sikkerheitsopplæringa.
- Ein skal vere edru når ein klatrar.
- Spør om noko er uklart.

DU HAR ANSVAR FOR DIN EIGEN OG DINE BARN SIN AKTIVITET OG SIKKERHEIT I KLATREPARKEN

- Personar under 18 år skal ha godkjenning av føresett/ansvarleg for å delta på aktivitetar.
- Barn under 4 år må ha følge av ein ansvarleg vaksen (over 18 år) i oransje løyper.
- Barn under 6 år må ha følge av ein ansvarleg vaksen (over 18 år) i grøne løyper.
- Barn under 8 år må ha følge av ein ansvarleg vaksen (over 18 år) i mørkegrønne løyper.
- Barn under 10 år må ha følge av ein ansvarleg vaksen (over 18 år) i blå løyper.
- Barn under 12 år må ha følge av ein ansvarleg vaksen (over 18 år) i raude løyper.
- Ein vaksen kan rettleie inntil 4 barn om gongen.
- Minimum alder for å ta Hydlasvevet er 8 år.

Sikringsutstyr
- Klatreselen har tre spenner – ein på hoftebeltet og ein i kvar lårløkke.
- Selen skal til ei kvar tid sitte stramt.
- Dersom du tek av deg eller er usikker på om selen sit riktig, ta straks kontakt med ein instruktør for kontroll av selen.
- I klatrevegg skal du sjekkast og sikrast av instruktør før du klatrar.
- Hjelm er påbudt både ved klatring og bruk av pumptrack.

Aktivitetar
- Les oppslaget ved kvar aktivitet / hinder og sjekk at du er riktig sikra før du beveger deg ut i aktiviteten / hinderet.
- Løypene har alders- og høgdekrav – les på oppslaget før du klatrar.

Oransje løype: over 80 cm
Grøn løype: over 110 cm
Blå løype: over 140 cm
Raud løype: over 140 cm

- Beveg deg roleg og kontrollert gjennom aktivitetar og hinder.
- Det er kun lov med 1 person per Zip-line og tilbaketrekkshinder.
- Ikkje ta på Zip-linen når du er i bevegelse.
- Det er lov med 2 personar per hinder.
- Det er lov med inntil 3 personar på plattform mellom kvart hinder.
- Ved eventuelle feil eller manglar ved anlegget skal personalet straks kontaktast.
- Maksimal vekt for klatrarar: 120 kg.
- Maksimal vekt for Hydlasvevet er: 100 kg.
- Minimum vekt for aktivitetar i klatrevegg og Hydlaspranget: 20 kg
- Minimum vekt for Hydlasvevet er 40 kg.
- Personar med rygg- eller nakkeplagar bør ikkje klatre.