Aktivitetar for dei større.
I Hydlaparken Klatrepark vil både dei større barna og dei vaksne finne eit utval aktivitetar som er både spennande og morosame.
Prøv deg i ein av dei mange klatreløypene, og kjenn suget i magen i zip-linene.
Eller ta med deg sykkelen og test ferdigheitene i pumptracken!
Klatreløyper
Hydlaparken Klatrepark har tilsammen fem klatreløyper for ungdom og vaksene..
​
For alle som er høgare enn 110 cm har vi dei følgjande klatreløypane:
​
Gryta
Familieløype, lett/middels.
9 hinder, 98 meter, 1 zip-line.
Høgdekrav 110 cm.
​
Natakupa
Familieløype, lett/middels
10 hinder, 152 meter, 2 zip-lines
Høgdekrav 110 cm
​
Gullkoppen
Familieløype, lett/middels.
9 hinder, 155 meter, 2 zip-lines.
Høgdekrav 110 cm.
​​
Vi har også to klatreløypar for dei som er høgare enn 140 cm og som ynskjer større utfordringar::
​
Blånibba
Sportsløype, litt vanskelig.
9 hinder, 213 meter, 3 zip-lines.
Høgdekrav 140 cm.
Kyrkjenibba
Sportsløype, krevjande.
9 hinder, 69 meter, 1 zip-line, 1 quickflight
Høgdekrav 140 cm
​​​
​
Pumptrack
Pumptrack har sin opprinnelse frå BMX- baner der banene er bølgande med hopp.
Du skapar fart ved pumpande rørsler. Klarar du heile bana utan å trø?
Du kan også bruke skateboard eller roller blades, men hugs å alltid bruke beskyttelse.
​
Pumptrack’en er gratis og kan nyttast av alle både når Hydlaparken er open, og utanfor opningstid.
​
​​
​